Medlemsskap
Korleis søkje om medlemsskap
For å kunna søkja om medlemskap eller båtplass, kan du først besøkja nettsida vår på havneweb.no. Her vil du finna eit enkelt og brukarvennleg skjema for å starta søknadsprosessen.
Når du er på søknadssida, byrjar du med å fylla ut e-postadressa di i det tiltenkte feltet. Etter at e-postadressa er lagt inn, klikkar du på «neste steg» for å gå vidare i prosessen. Dette vil leia deg gjennom dei første naudsynte trinna i søknaden din.
I det neste trinnet blir du beden om å gje detaljar om kva type medlemskap du ønskjer – anten det er vanleg medlemskap, fast båtplass eller leige av båtplass. Fyll og ut naudsynt brukarinformasjon. Når du har fylt inn all informasjon, klikkar du på «søk om plass» for å senda inn søknaden din.
Logge inn for å følgje søknaden din
Etter at du har sendt søknaden, kan du logga inn på havneweb.no/dashboard for å følgja med på statusen i søknaden din. Gjennom Havneweb kan du og sjå oversikt over dine hamner, registrera båt og båtplass, og halda deg oppdatert på medlemskapen din.
Har du nokre fleire spørsmål som du ikkje fann svar på?
Send oss gjerne ein e-post.
Har du nokre fleire spørsmål som du ikkje fann svar på? Send oss gjerne ein e-post. Vi har ein detaljert gjennomgang av korleis du kan søkje deg inn som medlem hjå oss, men om det er noko du lurer på, så send oss gjerne ein e-post.