Båtlaget i Nordbygdo

Rommetveit Båtlag

Bli med i Rommetveit Båtlag, ei perle av ei historie om stort engasjement og godt fellesskap! Sidan starten i 1968 har båtlaget utvikla seg til eit lag prega av lidenskap for sjølivet. Me tilbyr den trygge hamna vår for båtentusiastar, eit hamneanlegg som er eit symbol på samhald og nytenking. Bli del av fellesskapet vårt, – utforsk, engasjer deg og finn din plass ved bryggene våre! Du kan vitja Havneweb og finna informasjon for å kunna bli medlem i dag.

På havneweb finn du og nyheter, havnereglar, vedtekter og annan nyttig informasjon. Log deg på Havneweb med ditt mobilnr, og gjer deg kjent med havna og kva som skjer i Rommetveit Båtlag.

Solen skinner utover båtlaget.

Historien om Rommetveit Båtlag

Rommetveit Båtlag, etablert den 9. mai 1968, vitnar om ei historisk reise prega av entusiasme og vilje til å halda ut. Ved oppstarten kom ideen om å byggja molo frå Øklandsneset mot Klingenbergkaien, men ti år seinare satsa ein på å få realisert ei småbåthamn i Sævarhagsvikjo.. Entusiastane i båtlaget opplevde både utfordringar og triumfar på den kronglete vegen fram til at hamna stod ferdig i august 1989.

I 2018, ved laget sitt 50-årsjubileum, blei det uttalt at båtlaget står som eit symbol på samarbeid og fellesskap. Det er takka vere det kollektive pågangsmotet og dei tusenvis av dugnadstimane at me i dag kan visa fram ei hamn av beste kvalitet.

Ei stor takk til alle som har bidrege, frå enkeltpersonar til offentlege styresmakter! Innsatsen dykkar har skapt meir enn berre ei flott hamn, de har og lagt grunnlaget for eit godt fellesskap og eit viktig knutepunkt for sjølivet i regionen. Vil du vita meir om historien, kan du be om å få jubileumsheftet «Frå motvind til medvind». Med Rommetveit Båtlag gjennom 50 år! Heftet er gratis for medlemmer.

Rød og flott himmel ved båtlaget.
Solen skinner utover båtene i båtlaget.
Solnedgang og utsikt over båtene.

Ønsker du å bli medlem?
Send inn en søknad i dag.

Har du nokre fleire spørsmål som du ikkje fann svar på?
Send oss gjerne ein e-post.

Har du nokre fleire spørsmål som du ikkje fann svar på? Send oss gjerne ein e-post. Vi har ein detaljert gjennomgang av korleis du kan søkje deg inn som medlem hjå oss, men om det er noko du lurer på, så send oss gjerne ein e-post.